
Nye symbol for avfall skal få fart på sorteringa
Nye nasjonale avfallssymbol er snart i bruk i IHM sitt område.
Den nye ordninga skal gjera det lettare for innbyggarane. Ein vil møte like avfallssymbol på jobben, gjenvinningstasjonen, om ein er på hytte i annan kommune og ellers på produkta ein kjøper i butikken. Det skal vera enkelt og intuitivt å handle miljøvennleg i kvardagen. Ei felles merkeordning for avfall i Norge er etterlengta og eit godt steg i riktig retning for å gjera det enklare for forbrukarane å kildesortera rett.
Innbyggarane i alle dei nordiske landa vil møte dei samme symbola på tvers av landegrenser. Det er forslag om lik felles ordning i EU.
I tillegg vil ein kjenne igjen lik merking på emballasje. Produsentane er alt i gang med å få symbola på plass. Ein vil då kunne sjå merkeordninga frå emballasje til ut i dunken.
Ny ordning skjer ikkje over natta. Det seier seg sjølv at ein kan ikkje hente inn alle matavfallsdunkar med brunt lok fordi det no skal vera grønn farge.
Du finn alle dei nye sombola her : https://sortere.no/avfallssymboler?fbclid=IwAR2bHmbeGuWk-DcmEfZIyaELWMGyPdmCZvMytkwr17L-ZdL5JVoD_76JZyA#toggle-id-7