IHM
  • Heim
  • Nytt rutenummer 22 frå 01.mars 2021

Nytt rutenummer 22, frå 01.mars 2021

Det er oppretta nytt rutenummer for området Dugstadfossen - Almeland - Norheim - Lemme - Kyte - Reppavegen - Nedkvitne - kryss v/Tvinne E16 - Norekvål - Flatekvål.

Grunlaget for endring i rutemønster er me ynskjer å effektivisere innhenting av avfall. 

Nytt rutenummer er 22 med hentedag tysdag. Ny ordning vil vera gjeldande frå 01.03.21

Dersom du tilhøyrer området som nevnt,  skal du ha mottatt brev i posten med informasjon om endringa og  tømmekalender. Vennligst ta kontakt dersom ikkje. Informasjonen er sendt til heimelshavar av eigedom.

Har du lasta ned IHM tømmeapp er det viktig du endrar til ny rute 22 t.d siste helg i februar. Dette gjer du i innstillingar i appen. Velg "tannhjul", tømmerute og stad. Velg så vidare abonnementstype, varslingstidspunkt, område og til slutt rute 22.

Dersom du ikkje har lasta ned IHM tømmapp, men ynskjer denne, kan du laste nedi App store eller Google Play. 

NB! I forbindelse med overgangen til ny rute 22, vil det for nokre abonnentar gå fleire dagar mellom tømmefrekvens enn normalt av restavfallsdunk. Dette gjeld spesielt for abonnentar som tidlegare tilhøyrde rute 1 og 2. Dersom de ikkje har nok kapasitet i restavfallsdunken, kan ein sette ein svart avfallsekk attmed restavfallsdunken fyrste tømmedag tysdag 9 mars!!!

Har du spørsmål om den nye ordninga, vennligst ta kontakt på tlf 56 52 99 00   

 

Rute 22 KART

Indre Hordaland Miljøverk IKS

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Facebook    Instagram

 
IQNet MSYS001 norsk 300