IHM
  • Heim
  • Nyttar eigentleg kjeldesortering?

Kjeldesortering er viktig!

Kjeldesortering blir med jevne mellomrom tatt opp til diskusjon!

Reddar kjeldesortering klimaet? 

Kjeldesortering er fyrst og fremst viktig fordi jordkloden berre har ei viss mengde ressursar. Mange av dei er ikkje fornybare, som til dømes fosfor. Matproduksjon er avhengig av fosfor. Når me kjeldesorterar og lagar gjødsel av matavfallet vårt, fører me fosforet tilbake til jorda.Likeeins når ein gjenvinnar aluminium, slepp me å hente ut like mykje bauksitt frå ressurslagene i jorda. Slik varer råvarene i fleire generasjonar, samtidig som me får mindre utslepp når materialet blir henta ut. 

Det er nettopp dette kjeldesortering handlar om. Å halde verdifulle ressursar i krinslaupet så lenge som mogleg. 

Me veit at systema for avfallshåndtering i verda ikkje er perfekte, og at mykje avfall ikkje blir gjenvunne til nye produkt. Til dømes avdi det er tilgrisa eller ikkje let seg gjenvinne på grunn av materialsamansettinga. Men, det som er heilt sikkert, er at dersom folk sluttar å kjeldesortere, så får i alle fall ikkje råvarene nytt liv. 

Det vert stadig forska på å produsere emballasje som er av reine råvarer, slik at varer ein kjøper med emballasje, kan gjenvinnast om og om igjen. 

Så, kva kan du som innbyggjar gjera vidare:

* Halde fram med å kjeldesortere. At ikkje alt blir resirkulert, betyr ikkje at det er nyttelaust. Me er på veg mot eit bedre system og for at det skal gå framover må me halde fram med sortering.

* Redusere mengda plast ved t.d å nytte handlenett. Kjøpe brukt istadenfor nytt?

* Ta i bruk forbrukarmakta di og vel produkt av resirkulert plast når du har sjansen til det.

* Det aller beste du gjer for både klimaet og miljøet når det kjem til avfall er å forbruke og kaste mindre. 

 I Norge har me eit forbruk av ressursar som gjer at me treng 3,6 jordklodar for å halde tritt. Me har berre ein jordklode!

Takk for at du kjeldesorterar !

Indre Hordaland Miljøverk IKS

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Facebook    Instagram

 
IQNet MSYS001 norsk 300