IHM - Partnar for arrangørar

IHM - Partnar for arrangørar

IHM ser det som ei viktig oppgåve å vera med på å utvikle dei naturlege ressursane i regionen, og naturlege satsingsområde er reiselivsnæringane og primærnæringane. Hardanger– og vosseregionen er ei nasjonal naturperle med sterke kulturelle særpreg der verksemd og aktivitet knytt til desse særtrekka har lange tradisjonar.

Med dette utgangspunktet har det mellom anna vore naturleg for IHM å samarbeida med arrangement og festivalar som vert skipa til i kommunane. Målet er å ta vare på ressursane og syte for den reine opplevinga!

NM i nordiske greiner på Voss i 2012 vart m.a. tildelt med lovnad om at det skulle setjast fokus på miljø og klima i planleggingsfasen og under gjennomføringa av meisterskapen. Les meir på pdfRein Oppleving SkiNM 2012.

Voss Cup, Noregs største fotballturnering for born mellom 6 og 12 år (over 700 lag) har som målsetnad å vera den reinaste cupen i landet, med god hjelp av IHM.

Arrangement og festivalar som IHM støtter må ha ein tydeleg miljøprofil. Det er sjølvsagt at arrangementet har kjeldesortering og elles gode ordningar for avfallshandsaminga, slik at alle får ei rein oppleving. Men miljø vert og vektlagd i langt vidare perspektiv m.a. med omsyn til transport, servering, emballasjebruk, premiar, gjenbruk, estetikk o.s.b. IHM bidreg gjerne med tips og idear om korleis ein kan tilretteleggje eit miljøvenleg arrangement. Me kan og bidra i prosessar med miljøsertifisering, om dette er ønskjeleg. Les meir om Miljøfyrtårn.

Elles støttar IHM klubbar og lag i regionen. Kultur- og idrettsaktivitetar som byggjer identitet, skapar gode haldningar og syter for "råstoff" til framtidige festivalar og arrangement og som sikrar den reine opplevinga!

For den som vil læra om korleis store arrangement som Øyafestivalen kan vera ein miljøvenleg festivalarrangør, les Miljøhandboka.

 

IHM-IMG_6846-banner-skalert

Indre Hordaland Miljøverk IKS

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Facebook    Instagram

IQNet MSYS001 norsk 300

Kommunevapen IHM NyeVoss2

Eidfjord

Kommunevapen IHM Ulvik2

Ulvik

Kommunevapen IHM NyeVoss2

Voss