Helse, miljø og sikkerhet
SERTIFISERING ETTER ISO 9001, ISO 14001 OG OHSAS 18001
System for Kvalitetsstyring, Miljøstyring og System for arbeidsmiljø
Frå liten til stor
IHM har vore gjennom ein fase frå liten og oversiktleg organisasjon til ein organisasjon som i dag tel 38 fast tilsette. Samstundes er det knytt fleire leverandørar til verksemda gjennom kontraktar særleg innan innsamling og transport.
IHM handsamar og store mengder farleg avfall kvart år. Dette sett strenge krav til tryggleik med omsyn til arbeidsmiljø og kundar me tek imot. Vidare set det strenge krav til dokumenthandsaming. I forhold til ytre miljø har IHM m.a. konsesjon frå styresmaktene på drift av IHM sitt avfallsmottak. Det er difor naturleg at det vert arbeidd målretta mot å få på plass gode styringssystem for kvalitets- og miljøstyring og for arbeidsmiljøet.
Grunnleggjande arbeid starta våren 2012. Heile organisasjonen har vore involvert i prosessen.
Miljø
Denne standarden sett krav til eit miljøstyringssystem som gjer det mogeleg for organisasjonen å utvikle og setje iverk politikk og mål som tek omsyn til lovbestemte krav og informasjon om vesentlege miljøaspekt.
Arbeidsmiljø
Denne standarden sett krav til eit styringssystem for arbeidsmiljø som gjer det mogeleg for organisasjonen å utvikle og settje iverk politikk og mål som tek omsyn til lovbestemte krav og informasjon om arbeidsmiljørisiko.
Les meir om ISO-standardane her.
Bedriftshelseteneste
IHM er medlem av Bedriftshelseteneste 1 (tidl. Grend) I 2011 vart IHM nominert til Grend bedriftshelseteneste sin arbeidsmiljøpris.