Om Indre Hordaland Miljøverk

Om Indre Hordaland Miljøverk

IHM er eit interkommunalt selskap eigd av kommunane:

Selskapet vart danna i 1994. Det som utløyste behovet for eit interkommunalt renovasjonsselskap, var dei statlege krava som vart sett til kommunane med omsyn til miljø og kompetanse på byrjinga av nittitalet. Selskapet arbeider med innsamling, tilrettelegging av sorteringsløysingar, gjenvinning, energiutnytting og sluttbehandling av avfall, og har i dag 35 tilsette. IHM samlar inn avfall frå rundt 8000 hushald og 5600 hytter. Til saman er det 18.000 innbyggjarar i kommunane. IHM tilbyr avfallsløysingar, rådgjeving og tenester til industri og næringsliv i regionen. Selskapet driv og haldningsskapande arbeid for å fremje avfallsreduksjon og kjeldesortering og tilbyr opplegg for skuleklassar og andre i våre eigarkommunar.

Våre kommunar dekkjer eit område på ca. 4300 km2 og strekkjer seg frå Hardangerfjorden i sør til Sognefjorden i nord og Hardangervidda med Finse og Hallingskarvet i aust. Med fjordar og høgfjell, veglause samfunn og utfordrande klima, byr dei naturgjevne rammevilkåra på utfordringar i kvardagen.

Hardanger- og Vossaregionen er ei nasjonal naturperle med sterke kulturelle særpreg der verksemd og aktivitet knytt til desse særtrekka har lange tradisjonar.

Arbeidet i regionen har historisk vore tilpassa ein nøysam bruk av ressursar, og IHM ønskjer å ivareta desse tradisjonane. I eit breiare perspektiv vil IHM samarbeide med aktuelle aktørar for å vidareutvikle dei naturlege ressursane i regionen.

To  lokalaviser dekkjer regionen: Hardanger Folkeblad,  og Hordaland

Visjon

IHM – på naturen si side.

Forretningsidé

Forvalte og ta vare på verdiane i avfallet i eit ressurs- og klimaperspektiv - trygt, effektivt og økonomisk.

Politikk

Kvalitetsbevisst forvaltar og tenesteytar som arbeider for naturmiljøet sitt beste og eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette.

Indre Hordaland Miljøverk IKS

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Facebook    Instagram

IQNet MSYS001 norsk 300

Kommunevapen IHM NyeVoss2

Eidfjord

Kommunevapen IHM Ulvik2

Ulvik

Kommunevapen IHM NyeVoss2

Voss