Personvernerklæring

Kva er ei personopplysing?

Personopplysingar er opplysningar som kan knyttast til deg som enkeltperson. Dømer på dette er namn, telefonnummer, adresse og i nokre tilfelle IP-adresse. Du kan vitja datatilsynet sine nettsider for ei utfyllande oversikt på dette.

For er det oss viktig at du skal kunne vita kva personopplysingar me har om deg og korleis me ivaretek ditt personvern.

Den nye personopplysingslova

20. juli 2018 vart den nye personopplysingslova i Noreg gjeldande. Denne omfattar reglar i EU si forordning om personvern GDPR (General Data Protection Regulation). Denne lova erstattar tidlegare lovverk som IHM har vore omfatta av.

Personvernerklæring og handsamingsansvar

Personvernerklæringa

Dette dokumentet har til hensikt å gje deg informasjon om kva personopplysingar IHM samlar inn, enten aktivt eller passivt, korleis dei vert handsama og korleis me ivaretek ditt personvern jamfør personvernforordninga artikkel 5, 12, 13, og 14.

Kven er personvernerklæringa for?

Personvernerklæringa gjeld alle IHM sine abonnentar, kundar, tilsette og andre partar knytt til IHM.

Handsamingsansvar

IHM er eit interkommunalt selskap eigd av kommunane Eidfjord, Ulvik og Voss. Selskapet har eit sjølvstendig ansvar for korleis personopplysingar vert handsama. Det er dagleg leiar som har det overordna ansvaret for at reglar om internkontroll og informasjonssikkerheit vert etterlevd.

Personopplysingar som vert handsama av IHM:

Type

Formål

Behandlingsgrunnlag

Namn

Naudsynt for gjennomføring av våre oppgåver

Art 6. punkt 1.e)

Adresse

Naudsynt for gjennomføring av våre oppgåver

Art 6. punkt 1.e)

Telefonnummer

Naudsynt for gjennomføring av våre oppgåver

Art 6. punkt 1.e)

Eigedomsinformasjon

Naudsynt for gjennomføring av våre oppgåver

Art 6. punkt 1.e)

Personnummer Naudsynt for gjennomføring av våre oppgåver Art 6. punkt 1.e)

 IP-adresse

 Forbetringsarbeid

 Samtykke

 

Personopplysingar om interne personar som IHM handsamar:

Type

Føremål

Behandlingsgrunlag

Namn

Naudsynt for gjennomføring av våre oppgåver

Art 6. punkt 1.c)

Adresse

Naudsynt for gjennomføring av våre oppgåver

Art 6. punkt 1.c)

Telefonnummer

Naudsynt for gjennomføring av våre oppgåver

Art 6. punkt 1.c)

Fødselsnummer

Naudsynt for gjennomføring av våre oppgåver

Art 6. punkt 1.c)

 

Sensitive personopplysingar om interne personar som IHM handsamar:

Type

Formål

Behandlingsgrunlag

Helseopplysningar

Krav om bedriftshelseteneste

Art 9. punkt 2.b)

Medlemsskap i fagforeining

Trekk til fagforeiningskontingent

Art 9. punkt 2.b)

 

Kvar kjem personopplysingane frå?

Eigedomsregisteret (Matrikkelen)

IHM innhentar opplysningar om eigar av eigedom frå eigedomsregisteret.

Frå deg

Som abonnent / kunde kan du ta kontakt med IHM på telefon, e-post, chat og sosiale medier. IHM samlar også namn og adresse når du på miljøstasjonen ber om å få tilsend faktura. IHM handsamar desse opplysningane i den grad det er naudsynt for å uføra våre tenester.

IHM si nettside

IP-adresser kan i nokre tilfelle knytast til enkeltpersonar og er difor rekna som ei personopplysing. IHM si nettside brukar kun informasjonskapslar (cookies) som vert sletta når du går ut av nettlesaren, såkalla session cookie. Den har enkle funksjonar som å telja deg som brukar av nettsida. For å hindra at navigering mellom ulike undersider blir registrert som nye besøk, vil denne kapselen fortelja nettsida at det er den same brukaren heile tida. Kapselen kan òg gjera at ein kan navigera tilbake i historikken, som f. eks. kan vera nytting når du fyller ut eit skjema. Dette er såkalla "first-party cookies» som ikkje blir lagra, og då er det ikkje krav om brukargodkjenning i følgje EU-direktivet.

Kameraovervking

IHM sitt anlegg på Bjørkemoen på Voss har kamera for overvaking av aktiviteten. Dette systemet lagrar billete i 7 dagar og det som er eldre vert automatisk sletta. Videobilder vert lagra på ein intern server og er ikkje tilgjengeleg frå eksternt nett.

Behandling av personopplysingar

IHM personopplysingar i ulike databehandlingssystem. Dette er innkjøpte løysningar som enten lagrar data på ein ekstern server eller på IHM sin server. IHM har databehandleravtale med desse leverandørane. Leverandørane sine teknikarar kan ved support ha behov for å logga seg på IHM sine system for å gjera feilrettingar. Databehandleravtalen sikrar at leverandør handsamar personopplysingane på ein trygg måte. IHM deler ikkje personopplysingar med anna tredjepart enn dei som er naudsynt for drifting av våre IT system.

Innsyn

Alle personar IHM lagrar personopplysingar om har rett på innsyn i kva personopplysingar IHM har. Verksemda har plikt til å gje deg innsyn innan 30 dagar frå henvending om innsyn er motteken. Brot på denne innsynsretten kan du melda vidare til Datatilsynet. Du har også rett til å krevja sletting av personopplysingane me har, dersom dei ikkje lenger er naudsynte for utføring av våre lovpålagde oppgåver.

Lagringstid

IHM skal berre oppbevara personopplysingar så lenge det er naudsynt for å utføra våre oppgåver. Lagringstida for ulike kategoriar personopplysingar kan variera avhengig av kva dei vert nytta til.

Personvernombod

IHM har krav til å oppretta eit personvernombod. Personvernombodet er registrert i Datatilsynet sin database. Kontaktinfo finn du der eller ved å henvenda deg til IHM.

Indre Hordaland Miljøverk IKS

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Facebook    Instagram

IQNet MSYS001 norsk 300

Kommunevapen IHM NyeVoss2

Eidfjord

Kommunevapen IHM Ulvik2

Ulvik

Kommunevapen IHM NyeVoss2

Voss