IHM

Anlegg for framtida

IHM har eit moderne avfalls- og gjenvinningsanlegg på Bjørkemoen i Voss kommune. Her vert restavfall som ikkje er brennbart deponert, medan brennbart restavfall verdt sendt til forbrenning med energiutnytting. Andre avfallstypar går vidare til gjenvinning, medan farleg avfall og elektrisk- og elektronisk avfall går til miljøsanering før det vert utnytta som energi eller vert materialgjenvunne.

Energi - og renseanlegget

Metangass frå deponiet vert samla opp og brukt i ein gassmotor som produserer energi. Energien vert nytta til høgteknologisk membranrensing av sigevatnet frå deponiet, og til lys og oppvarming på anlegget elles. Overskotet av el-krafta vert seld til Voss Energi.

Miljøovervakingsprogram

IHM har eit prøveprogram, utarbeidd av Rådgivende Biologer AS, for å overvake mogeleg spreiing av forureining frå deponiet. Det vert teke systematiske prøver av sigevatn, sigevatnsediment, grunnvatn og overflatevatn. Mogelege diffuse utslepp vert fanga opp av overvakingsopplegget. Prøvene vert analysert av Hardanger Miljøsenter i Odda. Miljøtilstanden i Raundalselva, samt på og omkring avfallsanlegget er oppsummert av Rådgjevande Biologar i rapporten "IHM avfallsmottak Voss - miljørapport 2015".

Indre Hordaland Miljøverk IKS

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Facebook    Instagram

 
IQNet MSYS001 norsk 300