IHM

Prosjekt Biogass på Voss

Ein rapport frå NIBIO som kartlegg lagerkapasitet av storfegjødsel i 2016, viser at Voss er blant deo mest aktuelle stadene i Hordaland for etableringen av eit biogassanlegg.

Biogass består stort sett av metan (CH4) og karbondioksid (CO2) og vert produsert når organisk materiale vert brote ned uten tilgang på oksygen. Denne prosessen føregår naturleg, bl.a. i fordøyelsen til drøvtyggjarar der temperatur, pH og dei rette bakteriekulturane gjev god gassproduksjon. Det er ikkje enkelt å samla gassen som vert produsert i levande dyr, men mesteparten av gjødsla kan samlast, lagrast og transporterast til eit anlegg. Då fungerer biogassanlegget som eit utvida fordøyelsessystem som bryt ned materialet som ikkje er utnytta. I tillegg kan det blandast inn nytt organisk materiale som t.d. slam, matavfall eller restar frå matindustri. 

Ein av dei største fordelene med å behandla organisk materiale i eit biogassanlegg, er at næringsstoffa ikkje forsvinn i prosessen. Faktisk kan prosessen bidra til at enkelte av næringsstoffa vert meir tilgjengelege for plantane. I tillegg kan behandlinga av gjødsel drepa uynskte ugrasfrø og fjerna lukt. Det attverande materialet etter biogassprosessen vert kalla biorest, og kvalitetssikra biorest vert kalla biogjødsel. Biogjødsel utnyttar alle ressursane i det organiske materialet, og kan erstatta bruk av kunstgjødsel i landbruket.

Gjødsel er ikkje like potent som matavfall når det kjem til produksjon av biogass. Likevel er det spesielt interessant å bruka husdyrgjødsel til biogassproduksjon fordi det kan bidra til å redusera metanutslepp frå tradisjonell lagring av gjødsel. Derfor har regjeringa sett eit mål om at 30% av all husdyrgjødsel i Norge skal gå til biogassproduksjon innan 2020. Biogass bidreg dermed til reduserta utslepp på ei rekkje måtar:

(1) Biogass kan erstatta fossil energi til transport, straum eller varme
(2) bioresten kan erstatta produksjon av kunstgjødsel; og
(3) betre gjødsellagring gjev redusert utslepp av metan og lystgass.

Til saman gjer dette at biogassproduksjon er blant dei mest miljøvenlege fornybare alternativa, og enkelte anlegg i Noreg kan visa til negative utslepp, dvs. at biogass kan samanliknast med karbonfangst i klimasamanheng.

Du kan lesa meir om biogass på Avfall Norge sine nettsider.
Du kan lesa meir om biorest på Landbruksdirektoratet sine nettsider.

Biogass på Voss
Ein rapport frå NIBIO som kartlegg lagerkapasitet av storfegjødsel i 2016, viser at Voss er blant dei mest aktuelle stadene i Hordaland for etableringen av et biogassanlegg. Dette kjem av at husdyrproduksjon ligg samla og dermed gjev sparte kostnader for transport av gjødsel. I 2017 vart det gjennomført ein forstudie som konkluderte med at det er mogeleg å etablera eit biogassanlegg på Voss basert på matavfall og husdyrgjødsel, i tillegg til slam, på ei eiga linje. Eit anlegg kan ha ei rekkje fordeler, bl.a. redusert utslepp av metan og ammoniakk, berekraftig utnyttinge av ressursar, auka lagerkapasitet for husdyrgjødsel, mindre lukt frå spreiing av husdyrgjødsel og nye arbeidsplassar. Vidare konkluderte forstudien med at økonomi er den største utfordringa for utbygging av eit eventuelt anlegg, og at dette må undersøkjast nærmare før ei investering.

«Biogass på Voss» er eit nylig oppstarta prosjekt som skal samla inn nok informasjon til å ta ei avgjert om ein skal investera i eit anlegg. Prosjektet har motteke støtte frå Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen i Hordaland, Miljødirektoratet (Klimasats) og Voss kommune. Indre Hordaland Miljøverk står for sjølve gjennomføringa av prosjektet.

Fylgjande skal gjennomførast

• Kartleggja råvaretilgang
• Kartleggja moglege bruksområde av biogass
• Kartleggja moglege bruksområde bio-gjødsel
• Definera moglege lokasjoner for anlegget
• Vurdera økonomien i anlegget
• Rekna på miljøpåvirknaden
• Vurdera regulatoriske utfordringar
• Utarbeida ei risiko- og sårbarhetsanalyse

Prosjektet er organisert med ei styringsgruppe og ressursgruppe. Prosjektansvarleg er Gunnar Bråten og prosjektleiar er Tord Peder Rafael Luna Araldsen ved IHM. Prosjektet er forankra i Voss kommune sin Energi og klimaplan 2018–2022.

Dersom du ynskjer meir informasjon om prosjektet, ver venleg å ta kontakt på e-post Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller tlf. (+47) 932 06 156.

Indre Hordaland Miljøverk IKS

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Facebook    Instagram

 
IQNet MSYS001 norsk 300