IHM

Skulebesøk

 

barnehage på besøk

IHM skulen

Indre Hordaland Miljøverk IKS (IHM) meiner det er viktig å bevisstgjera innbyggjarar i alle aldrar om kjeldesortering, gjenbruk, reperasjon og riktig avfallshandtering.

Me har kun ein klode, med ei avgrensa mengde ressursar. Ved å legge til rette for gode kjeldesorteringsvanar, har IHM eit ønskje om at me saman skal ta vare på og nytta ressursane i avfallet på best mogleg måte. Opplæring og informasjon er nødvendig for å kunne oppnå dette. Difor har IHM laga eit skuleprogram, fyrst og fremst, retta mot 4 trinn i IHM sine eigarkommunar. 

Før besøket

Det er ynskjeleg at elevane arbeider med emnet avfallshandtering, resirkulering og berekraft før besøket til IHM. Før besøket kan ein få gratis skulemateriell tilsendt i regi av Loop miljøskule , https://miljoskole.loop.no/ , med tema av avfall, kjeldesortering og miljø. Alt vert sendt kostnadsfritt til skulen.

 

Omvisning hjå IHM

Elevane får omvisning på driftsområdet til miljøstasjonen. Her får dei blant anna sjå "omlasthallen", der boset vert lasta for vidare transport. Me tek og ein tur over sorteringsrampen. Det har vist seg å ha god effekt å besøka miljøstasjonen då elevane får eit forhold til dei store avfallsmengdene som vert skapt i regionen, og kva som skjer med dei. IHM vil syne fram presentasjon i tillegg til eigenprodusert  "IHM" film som viser vegen frå avfallet oppstår i heimen og kva som skjer med avfallet før det går vidare til gjenvinning. Elevane skal i tillegg få prøve seg på kjeldesortering i praksis.

Det vert lagt stor vekt på tryggleik, då dette er eit industriområde. Alle elevar får utdelt gul vest  før me går ut på området. 

Elevane må kle seg godt. Omvisninga er for det meste utandørs, sjølv på soldagar kan det vera kald.

Transportstøtte

IHM kan finansiera utlegg for transport frå skulen til IHM og attende. Skulen må sjølv tinga transport og syta for at rekninga vert sendt til IHM i ettertid. Ta  fyrst kontakt med IHM før ein tingar skuleskyss. Skulebesøket er avgrensa til ein priode om våren og ein periode om hausten. 

For meir informasjon eller påmelding ta kontakt på : ihm@ihm.no eller telefon 56 52 99 00

Velkomen på omvisning på Bjørkemoen!

 

logo miljoskole

Indre Hordaland Miljøverk IKS

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Facebook    Instagram

 
IQNet MSYS001 norsk 300