
Styre og representantskap
Indre Hordaland Miljøverk har 3 eigarkommunar: Eidfjord, Ulvik og Voss. Kommune- /heradsstyret utnemner sine medlemer i representantskapet som er selskapet sitt øvste organ. Representantskapet har til saman 15 medlemer.
NB! Frå 01.01.21 er Ullensvang og Jondal utmeld av IHM. Granvin tilhøyrer frå 01.01.20 Voss Herad. Styret og representanskapet vil bli oppdatert .
Styret
Styret vert vald av representantskapet. Det er eit medlem frå kvar kommune, vald for 2 år om gongen. Forvaltninga av selskapet høyrer inn under styret. Det skal syte for at selskapet har ein tenleg organisasjon og sjå til at selskapet vert driven i samsvar med lov, selskapsavtalen, budsjettet og andre vedtak og retningsliner fastsett av representantskapet.
Voss: Stein Kvarekvål, styreleiar
Jondal: Trygve Vik, nestleiar
Ulvik: Ronny Lunestad, medlem
Ullensvang: Inger Marie Himle, medlem
Granvin: Atle Seim, medlem
Eidfjord: Marta Tveit, medlem
Tilsetterepresentant: Annelise Bergstø
Representantskap
Representantskapet skal handsame årsmelding og rekneskap, budsjett, økonomiplan, framlegg til gebyrendringar mm. Det vél og styret med leiar og nestleiar.
Eidfjord: Svein Hop, Lars Kristian Eidsnes
Ullensvang: Olav Magnus Hammer, Reidun Haugen Dalseth, Jan Asbjørn Utne, Eli J Hope
Ulvik: Hans Petter Torbjørnsen, Jens Olav Holven
Voss: Ruth Jørgensen, Hans-Erik Ringkjøb, Elin Seim, Annlaug Haugse Såkvitne, Knut Ståle Kvissel, Katrine Matthiessen, Arnfinn Gjerdåker
Jens Olav Holven er leiar i representantskapet.