IHM

God påske

Mange tek påskefri frå kjeldesorteringa! Her finn du nyttig info om sortering. Endra opningstider for påsken finn du her på heimesida.

Større hyttefelt i vår region har sorteringsløysingar. Returpunkt for glas- og metallemballasje finn du ved dei fleste hyttereturpunkt, daglegvarebutikkar og campingplassar. Returpunkt for hytter finn du her. Dersom det er fullt ved returpunktet du vanlegvis nyttar, kan du sjekke om det er plass ved neste returpunkt. Hald det reint og fint rundt returpunkta, slik at det vert triveleg for alle - både for brukarane og for renovatøren. Då er det større sjanse for at dei som kjem etter deg gjer det òg.

Byggje- og riveavfall, asbest, trykkimpregnert materiale, trevirke, metall, møblar, farleg avfall og elektrisk- / elektronisk avfall skal leverast til lovleg mottak, som er IHM sine miljøstasjonar. Elektrisk- og elektronisk avfall kan du òg levere i retur til forhandlar.

Dersom skismurninga inneheld fluor eller fluorkarbonar, må restar av både voks, klister og glider leverast som farleg avfall. Smurningsrester som ikkje inneheld fluor og fluorkarbonar, sorterer du som restavfall.

Hugs å pante! I Noreg har vi verdas beste pantesystem. Ingen andre tilsvarande system er så bra for naturen. Til trass for dette kastar vi 75 millionar flasker og boksar i restavfallet kvart år! Les om ressursar og klimautslepp du sparar når du pantar.

Det aller beste du kan gjere for miljøet i påska er å ete opp maten! Kvart år kastar kvar og ein av oss store mengder mat som burde ha vore eten, i gjennomsnitt 42 kg per person. Her finn du påskelektyre om matsvinn og matvett

God påske - på naturen si side!

 

iStock 000058734730 medium

Indre Hordaland Miljøverk

Bjørkemoen 60, Voss

Postboks 161, 5701 Voss

Telefon 56 52 99 00

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

facebook  instagram

   

Kommunevapen IHM Eidfjord1

Eidfjord

 

Kommunevapen IHM Granvin1

Granvin

 

Kommunevapen IHM Jondal1

Jondal

 

Kommunevapen IHM Ullensvang1

Ullensvang

 

Kommunevapen IHM Ulvik1

Ulvik

 

Kommunevapen IHM Voss1

Voss