IHM

Problem med kompostering

1. Komposten blir ikkje varm/stoppar opp

Manglande varmegang kan ha fleire ulike årsaker:

For vått: Du brukar for lite strø (sjå under sur lukt)

For tørt: Kanskje tillset du for mykje strø. Rett mengd er som oftast 1 del strø til 2 eller 3 deler matavfall. Bland i fuktig matriale eller vatn forsiktig (tilpass mengda etter kor mykje det er i bingen). Pass på at kondensvatn frå loket renn tilbake i komposten. Det er ein fordel å bruka innerlokk, då ein held betre på fuktigheita.

2. For lite næringsrikt materiale

Ved mykje grovt og tungt nedbrytbart materiale, kan det bli for lite næring til mikroorganismane. Tilsett meir næringsrikt kjøkkenavfall. Det er mogleg å hjelpa prosessen med å tilsette sukker og/eller nitrogen. Sukkerlake eller urin (nitrogenholdig) er godsaker for komposten.

3. Mugg og sopp

Det treng ikkje være noko alvorleg feil, men det er eit tegn på at komposten er i ferd med å bli for tørr.

Uttørking er vanleg på toppen av ein varm kompost. Når komposten ser ut som oske, er dette sopp. God kompost skal sjå meir grynete ut (sjå under for tørt).

4. For stort varmetap

Beholderen kan isolerast betre. Rommet som må varmes opp kan minskes ved å bruke innerlokk (isolasjonsplate direkte på komposten).

Det er ingen krise om komposten frys, den vil tine til våren og prosessen vil komme igang at. Når det vert varmt i været bør loket stå opent ellers vil behaldaren virka som eit kjøleskåp, og isklumpen vil halda seg langt utover sommaren. Ønsker du å tine komposten om vinteren, vent til det vert 5- 6 minusgradar. Fyll fleire store plastflasker med godt varmt vatn og legg dei direkte på komposten, legg så innerlokket oppå. Byt flaskene kveld og morgon til komposten kjem igang.Tilsett 1-2 liter varmt vatn, med 100-200 gram sukker (sukkerlake) 1-2 dager etter du har start med tininga.

5. Manglande lufttilgang

Komposten er avhengig av tilgang på luft frå botnen av bingen. Dersom ein ikkje startar rett

med botnlaget, kan lufttilgangen verta hindra. Ein må og bruke grov strø (kutterspon o.l.). Dersom ein bruker sagmugg, flis frå motorsag o.l. vert lufttilgangen for liten. Det er viktig å røre i dei øverste 30 cm, ein gong i veka, for å sleppa lufta lettare gjennom, og for å fordela fuktigheita. Dersom ein bruker for lite strø vil dette hindre lufttilgangen. Rett mengd strø er oftast 1 del strø til 3 deler matavfall.

6. Lukt

Ein kompost vil alltid lukte litt. Dersom lukta blir sjenerande utanfor bingen, er det noko gale.

Sur lukt:

Sur lukt oppstår når komposten ikkje får nok luft. I ein svært fuktig kompost vil ikkje luft sleppa til, og nedbrytinga vil gjeva sur lukt. Den vanlegaste feilen er at det er brukt for lite strø. Strø kan leggjast på toppen og fange opp kondensvatnet. I alvorlige tilfeller må heile komposten vendast eller rørast rundt, og blandast med strø. Komposten skal være fuktig, men ikkje klissvåt som sur myr. Det er vanleg at komposten luktar litt surt før det vert varmgang i den. Tek det for lang tid før det blir varmgang, er den vanlegaste årsaka at komposten er for våt. Bruk strø.

Urinlukt (ammoniakk):

Ved kompostering av mykje næringsrikt materiale, vil det verta frigitt meir nitrogen enn det mikroorganismane treng til eigen vekst. Det overflødige nitrogenet fordamper som ammoniakk og gir ein sterk, stikkande lukt. Denne lukta får ein vekk med å blande inn næringsfattig strø. Strøet blandes inn i komposten eller leggjast på toppen som eit fleire cm. lag.

Lukt på kjøkkenet:

Problemet med lukt frå avfall til kompostering, er verken større eller mindre enn luktproblema frå blanda avfall som vert samla på kjøkkenet. Tøm oppsamlingsspannet oftere. For å unngå problemet kan ein bruke eit lite oppsamlingsspann. Ein to liters isboks er full daglig eller annankvar dag. Det er ofte sigevatn som er årsak til lukt. Legg litt strø i botnen av spannet.

7. Skadedyr

Rotter og fugler skal ikkje matast frå komposten. Ved bruk av godkjent kompostbinge er dette ikkje noko problem.

Dersom det er noko du lurar på: kontakt Bente Røyrbotten, tlf. 56 52 99 00 eller epost: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Floger

Fruktfloger: Dette er små floger som legg egg i fruktavfall. Flogene held seg i umiddelbar nærheit av komposten. Skulle svermen av små svarte "prikker" verta plagsom bør ein gå til mottiltak.

Spyfloger: Dette er store, glinsande og feite floger. Spyflogene vert fyrst og fremst tiltrekt av fisk og kjøttavfall. Larvane er små makk (kvit makk). Klekking av spyfloger bør ikkje forekomma i komposten.

Førebyggjande tiltak

Dekk til ferskt avfall i komposten. Ved større mengder kjøtt og fisk kan det strøast litt jord over, dersom det er fare for for floge angrep. Ver oppmerksom på at eggene kan klekkast i sprekker, under lok og i soner med egna temperatur. Sørg for godt reinhald rundt loket.

Indre Hordaland Miljøverk

Bjørkemoen 60, Voss

Postboks 161, 5701 Voss

Telefon 56 52 99 00

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

facebook  instagram

   

Kommunevapen IHM Eidfjord1

Eidfjord

 

Kommunevapen IHM Granvin1

Granvin

 

Kommunevapen IHM Jondal1

Jondal

 

Kommunevapen IHM Ullensvang1

Ullensvang

 

Kommunevapen IHM Ulvik1

Ulvik

 

Kommunevapen IHM Voss1

Voss