IHM
  • Heim
  • Renovasjonsteknisk norm

Renovasjonsteknisk norm

 

IHM samarbeidde i 2017 med 3 andre IKS på vestlandet om utarbeiding av utkast til ei norm for tekniske løysingar for renovasjon ved nye utbyggingar. Utkast til norm vart utarbeidd av konsulentselskapet ALBARAN. Sidan den gang vart dette arbeidet liggande på vent for IHM sin del fram til 2019. Då byrja IHM å tilpassa norma til lokale tilhøve. 

Norma skal gje utbyggjarar nok informasjon om avfallstekniske løysingar til å planlegga for gode ordningar for avfall. Ved mange utbyggingar vert det planlagt for seint for avfallsløysingar noko som medfører kostbare løysingar som ikkje er godt tilrettelagte. 

Norma medfører ikkje store endringar i den tekniske utforminga ved avfallsrom og avfallsskur men den tydeleggjer krav i byggforskriftene samt tek inn løysingar som kan reknast som bransjestandardar. Der norma medfører størst endring er at den krev nedgravd løysning / djupoppsamling ved utbyggingar som er større enn 30 bueiningar. Den seier også at det skal vurderast denne type løysing ved utbyggingar som er større enn 20 bueiningar. Den tydeleggjer også at det er utbyggar sitt ansvar å få løysninga på plass og IHM vil så overta eigarskap og driftsansvar for den nedgravde løysinga. Dette er i samsvar med praksis fleire andre stadar i Noreg. 

Høyringsfrist er 4 veker, dvs. innspel må sendast innan 24.august 2020 til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Norma kan du lesa ved å gå inn på Heradet sine sider for kunngjeringar. Her er nettlenka: https://voss.herad.no/tenester/samfunnsutvikling/kunngjeringar/ny-renovasjonsteknisk-norm-til-hoyring.3133.aspx

 

Norma vil koma på høyring i dei andre eigarkommunane fortløpande. 

Indre Hordaland Miljøverk IKS

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Facebook    Instagram

 
IQNet MSYS001 norsk 300