IHM

Renovasjonstenester hushald

IHM driv ei moderne avfallshandsaming der kjeldesortering står i fokus. Slik tek me vare på ressursane i staden for å gjere avfall til eit problem. Dette inneber innsamling og vidare handsaming av alt avfall frå dei i underkant 9000 hushalda i regionen. IHM tilbyr ein kombinasjon av henteordningar og bringeordningar.

Henteordningar

For det vanlege hushaldsavfallet; matavfall, papp, papir, drikkekartong, glas- og metallemballasje og restavfall er det utdelt dunkar. For plastemballasjen vert det nytta spesiallaga perforerte sekker. Dei som komposterar må skaffe kompostbinge sjøl, men får refundert kr. 1000 (pr. 01.01.19) av IHM ved framlagd kvittering. Dette gjeld kun ved 1.gongs kjøp! Ved fornying av binge vert det ikkje gjeve tilskot. I tillegg får dei som komposterar redusert avfallsgebyr.

Hushaldsavfallet vert henta på faste ruter og dei ulike rutene har ulike dagar for tømming. 

Abonnentar som har normalhushald (henting av restavfall kvar 14. dag), må merke restavfallsdunken med merkemateriell. Sjå pdfher korleis.

Bringeordningar

Henteordning for glas- og metallemballasje er kome godt igang, og returpunkt for denne avfallstypen er fjerna.  Andre avfallstypar som elektrisk- og elektronisk avfall (EE-avfall), farleg avfall, trevirke, jern og metall osb. må leverast til miljøstasjonane i kommunane.

IHM sitt avfallsanlegg på Voss er eit viktig knutepunkt for vidaretransport av avfall til gjenvinning. IHM har avtalar med verksemder i Noreg, Norden og Europa som syter for avsetnad på avfallstypane som vert utsortert.

Til tross for god kjeldesortering og aukande gjenvinningsgrad veks den totale avfallsmengda. Dette er eit av vår tids største miljøproblem. Ein viktig oppgåve for IHM er å vera ein pådrivar for å redusera avfallsmengdene i regionen!

For meir informasjon om den kommunale renovasjonsordninga sjå:

Innsamlingsforskrifta
Gebyrforskrifta

Renovasjonstenester hytte

 

Indre Hordaland Miljøverk IKS

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Facebook    Instagram

 
IQNet MSYS001 norsk 300