IHM

Renovasjonstenester næring

IHM kan tilby:

  • Trygge, fleksible og økonomisk gunstige løysingar tilpassa di verksemd
  • Miljørett avfallshandtering
  • Rådgjeving og informasjon

Me hjelper deg med gode og trygge avfallsløysingar som er tilpassa di verksemd. Som totalleverandør på avfallstenester har me lang erfaring i å kartleggja ulike verksemder sin trong for innsamling, transport og levering av avfall.

Me tek imot alle typar avfall

  • Fleire avfallstypar er gratis å levera på grunn av bransjeavtalar
  • Det er viktig at farleg avfall (medrekna elektrisk og elektronisk avfall) vert levert for seg og ikkje i lag med avfall som går til deponi. Slik hindrar me at miljøgifter kjem på avvegar
  • Me hjelper deg med å deklarera farleg avfall slik alle verksemder pliktar, og slik at du kan dokumentera rett avfallshandsaming ved kontroll.

Krav til avfallsprodusent

Det vert stilt krav til avfallsprodusent som leverer avfall direkte til deponi. Avfallet skal basiskarakteriserast med omsyn til innhald (avfallsforskrifta, kap. 9). Kundar som leverer avfall direkte til deponi må gjennomføra ei slik karakterisering.

Les meir om krav til avfallsprodusent

Kva er Retura-samarbeidet? 

Retura er ei franchisebasert kjede som består av 23 eigarselskap, interkommunale og private. IHM er eitt av dei. Med mange hundre tilsette og ein omsetnad på om lag 1,5 mrd. er Retura ein av dei største aktørane i landet i vår bransje.

Unik lokalkunnskap

Retura er ein leiande leverandør av avfallstenester til næringslivet og tek imot alt avfall frå alle bransjar, over heile landet. Ingen dekkjer landet betre enn Retura, og når du vel å samarbeida med eit Returaselskap får du lokalkunnskap med på kjøpet.

Miljøansvarleg verksemd

Kundeporteføljen til Retura omfattar alt frå landsdekkande avtalar med store aktørar, til profesjonelle lokale løysingar for mindre enkeltståande verksemder. Selskapet er medviten sin rolle som miljøansvarleg, og arbeidar for å finne dei beste gjenvinningsløysingane og førebyggja forureining. Retura sitt slagord er «Eit miljø i balanse».

Indre Hordaland Miljøverk IKS

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Facebook    Instagram

 
IQNet MSYS001 norsk 300