Nyheit !!! Nytt frå i år, så kan alle kartongar, uansett om dei er enkle eller samla i ein kubbe, vinne opptil 100.000,- kroner.
Fire gongar i året vert det trekkt ut ein vinnar av 100.000,-, og 30 vinnare av 10.000,-
I 25 år har nordmenn skylla og bretta og stappa drikkekartongar for å delta i Returkartonglotteriet i regi av Grønt Punkt Norge. No gjer dei det lettare for fleire å konkurrera om topppremien på 100 000,- kroner. I 2022 kan du vinne med både kubbar og enkeltkartongar. Grønt Punkt Norge meiner ny ordning gir folk ein ekstra motivasjon for å kjeldesortera drikkekartongen sin.
Alle drikkekartongar kan vera lodd i returkartonglotteriet, det vil seie at alle kartongar som har inneholdt mat eller drikke, som har eit belegg av plast eller metall på innsida.
Slik deltek du:
Skyll kartongen, press den flat og skriv navn og telefonnummer på kubben eller enkeltkartongen. Bruk helst vannfast tusj om du har. Kartongen legg du i papirdunken din.
Kvart år har returkartonglotteriet 124 vinnare og vinnarsjansen er lik uansett kvar du bur.
Grønt Punkt er ansvarleg for returkartonglotteriet.
Du kan lesa meir om lotteriet https://www.grontpunkt.no/nyhet/naa-kan-du-vinne-100000-kroner-med-denne/?fbclid=IwAR1Xc3zM2h216JrQJadfKUc6zgV80989qw4letoRdJHfmuy1Uo-9p7cuZSk
Takk for at du bidreg til avfallsforebygging og gjenvinning til nye produkt!