IHM
  • Heim
  • Rydde i natur/strandkant

Rydde i natur/strandkant

Annonse strandrydding

Ynskjer du rydde plast og eigarlaust avfall i naturen?

Me er i ein spesiell situasjon for tida, og som mykje anna, påverkar koronaviruset også rydding av plast og anna eigarlaust avfall i naturen.

Våren er vanlegvis høgtid for ryddeaksjonar og i samarbeid med Bergen og Omland friluftsråd, og andre renovasjonsselskap i nærområdet, har me laga litt informasjon:

"Alle som ynskjer å rydde og levere innsamla eigarlaust avfall til oss må registrere aksjonen sin på www.ryddenorge.no. Ein liten bærepose kan leverast i restavfallsdunk, men større mengder (ein strandryddesekk eller fleire) innsamla avfall må registrerast i ryddeportalen.
Ta gjerne kontakt med oss dersom du treng hjelp til registrering eller ynskjer at me skal registrere for deg. Du kan bestille ryddeutstyr gjennom Hold Norge Rent portalen; https://holdnorgerent.no/ eller hente hjå oss.
Alle miljøstasjonene og kundetorg rundt om i kommunane våre har strandryddesekkar til utlevering. Desse sekkene er kun meint for plast og anna eigarlaust avfall som er funne i naturen"

Tusen takk til alle som bidreg med å rydde vekk avfall i naturen på ein trygg måte:)

Indre Hordaland Miljøverk IKS

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Facebook    Instagram

 
IQNet MSYS001 norsk 300