IHM
  • Heim
  • Ryddedugnad i nærmiljøet framover

Ryddedugnad i nærmiljøet

Det er strenge restriksjonar frå helsemyndigheitene i høve til rydding av avfall i naturen i desse koronatider. Sjå meir informasjon i linken under:

https://holdnorgerent.no/hvordan-rydde-ei-strand/

Dersom du ynskjer å rydde der du likevel er på tur med familie eller på eigehand er det viktig å gjere dette i samsvar med helsemyndigheitene sine tilrådingar og å respektere myndigheitene sine restriksjonar;

Ingen må samlast i grupper på meir enn fem personar og ein må halde god avstand.

Merk: Ryddeaksjoner med over 20 personer må ha ein  ansvarleg arrangør med oversikt over alle som er til stade inkludert navn og kontaktinformasjon.

Bruk hanskar.

Dersom ein ryddar og mellomlagrar avfall, er det viktig å sikre dette avfallet. Det er viktig å ha ein plan for korleis avfallet skal handterast i etterkant.

Små mengder (ein liten berepose) kan leverast i avfallsdunk saman med restavfallet.

Om du har behov for ryddeutstyr ta kontakt med oss på e-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.. Du kan og  hente ryddesekker på alle miljøstasjonane våre

Den nye ryddeportalen https://ryddenorge.no/ er no lansert. I denne portalen er det tilrådd å ta bilete og registrere område som trengs rydding. 

Dugnad mot koronasmitte er den viktigaste dugnaden på kort sikt!

Plast i vannkant

Indre Hordaland Miljøverk IKS

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Facebook    Instagram

 
IQNet MSYS001 norsk 300