Samarbeid med Kirkens Bymisjon på Voss
IHM har inngått samarbeidsavtale med Kirkens Bymisjon på Voss om innhenting av avfall frå private.
Har ein hatt opprydding i hus og heim eller ynskjer å bli kvitt hageavfallet sitt, men manglar nokon å køyre dette til miljøstasjonen, då kan ein ta kontakt med Kirkens Bymisjon Voss.
Kirkens Bymisjon har eit arbeidsretta lågterskeltilbod som heiter "I Jobb". Dette er ei arbeidstreningsprosjekt for folk som av ulike grunnar har falle utanfor den vanlege arbeidsmarknaden. Med "I Jobb" ynskjer ein at deltakarane får ein god og innhaldsrik kvardag. Kirkens Bymisjon er ansvarleg for at arbeidarane har gode rammer og riktig utstyr for å utføre arbeidet. Kirkens Bymisjon er ansvarleg for utført arbeid, og vil gjera kvalitetskontroll og oppfylging under utføring av arbeidet.
Kirkens Bymisjon skal utføre desse tenestane for IHM innanfor Voss herad og det skal ikkje krevjast meir pengar enn det kostar å utføre desse tenestene. Dei kan hente det aller meste, men ikkje det som definert som farleg avfall.
Ynskjer du å bestilla tenesta tar du kontakt direkte til Kirkens Bymisjon Voss på tlf 476 93 912 (man- fredag kl 08.00-15.30)