IHM

Sorteringsguide

 

Ein enkel  pdfhurtigguide for sortering finn du her. Merk: plastemballasje med aluminiumsbelegg er restavfall. Pga. innført henteordning for glas- og metallemballasje, er returpunkt for dette fjerna. Ta kontakt med IHM om du lurer på noko.

  • Papir, papp og drikkekartong

     

     

     

     

    Ja takk!

    • Aviser, vekeblad, trykksaker, telefonkatalogar, konvoluttar, skrivepapir, bøker utan stive permar, brødposar o.l.
    • Emballasjekartong – boksar og øskjer for t.d. frukostblandingar, kjeks, frosenpizza, leiker m.m.
    • Alle typar drikkekartongar (juice, mjølk, drikkeyoghurt, sausar og puddingar) og dei med skrukork, lok, plast- og aluminiumsbelegg
    • Pappøskjer, bølgepapp, o.l. skal flatpakkast! NB! Dersom det er fullt i dunken kan det buntast og setjast ved sida av dunken

     

    Nei takk!

    • Bøker med stive permar kan leverast til bruktbutikkar, loppemarknad, antikvariat o.l.Alternativt restavfall.
    • Glansa gåvepapir, farga post-it lappar og fin-makulatur er restavfall
    • Tørkepapir, serviettar, tilgrisa papir, matpapir og eggekartong eignar seg
    • dårleg til papirgjenvinning men kan gå i kompost/matavfall


       

    Kva skjer med avfallet? Korleis plassere dunken?

  • Plastemballasje

     

    Sorteringsguide-plast

     

    Ja takk!

    • Flasker (ketchup, zalo, sjampo), kanner, folie, posar (suppe-, chips-, kaffi- og bereposar), beger, øskjer og boksar.

     

    Nei takk!

    • Plastprodukt som ikkje er emballasje t.d. hagemøblar, kulepennar, legoklossar, leiker, kjøkkenreiskap, badebasseng, trampoline, presenning, telt, vednett, o.l.
    • Isopor - lever til miljøstasjonen
    • Plastemballasje som er tilgrisa av matrestar o.l.
    • Plastemballasje som har inneheldt oljeprodukt merka med særleg brannfarleg eller giftig. Slik emballasje skal leverast som farleg avfall

     

    Kva skjer med avfallet? Korleis plassere dunken?

  • Bioavfall

     

     

    Ja takk!

    • Matavfall som fisk, kjøt, frukt, eggeskal, brød og liknande
    • Kaffi- og tefilter
    • Kjøkkenpapir, serviettar, matpapir, tilgrisa
    • papir og eggekartong (kan òg gå i restavfall)

     

    Brunt lok:

    NB! Henting annakvar veke

    Gjeld for både normal- og småhushald. Sjå tømekalender.

    Bruk bioposar!

    Desse vert brotne ned under komposteringa. Du får tak i bioposar i dei fleste daglegvarebutikkar.

     

    Kva skjer med avfallet? Korleis plassere dunken?

  • Glas- og metallemballasje

     

     

    Ja takk!

    • Glas- og metallemballasje frå mat- og drikkevarer
    • Klar og farga glasemballasje som flasker, syltetøyglas m.m
    • Hermetikkboksar, aluminiums- folie, -beger og -behaldarar inkl. telyshaldarar i aluminium
    • (løys vekefeste slik at den kan sorterast ut i gjenvinningsprosessen).

     

    Nei takk!

    • Steintøy
    • Eldfaste former
    • Keramikk
    • Porselen
    • Krystall
    • Knuste glasruter o.l. • Omnsglas

    NB! Medisinflasker må leverast i retur til apoteket!

     

    Kva skjer med avfallet? Korleis plassere dunken?

  • Elektrisk avfall

     

     

    Døme på EE-produkt

    • Musikkanlegg
    • Datamaskiner
    • Fjernsyn
    • Mobiltelefonar
    • Elektrisk verktøy
    • Hårtørkarar
    • Barbermaskiner
    • Kjøkken- og hushaldsmaskiner

     

    • Kvitevarer
    • Kablar
    • Leidningar
    • Lysarmatur
    • Elektriske og elektroniske leiker
    • Blinkesko
    • Lysrøyr
    • Sparepærer og alle typar batteri

     

     

    Kva skjer med avfallet?

  • Farleg avfall

     

     

    Døme på farleg avfall

    • Måling, lim, lakk og løysemiddel
    • Olje og oljefilter
    • Kjemikaliar og plantevernmiddel
    • Reingjeringsmiddel, syrer og basar
    • Sprayboksar
    • Tungmetall som amalgam, bly, kadmium, kopar og kvikksølv
    • Bromerte flammehemmarar og PCB
    • Glasruter med PCB (1965-1980)
    • Glasruter med klorparafinar (1975-1991)

     

     

    • Bygg- og rivingsavfall som inneheld farleg avfall
    • Asbest og eternitt (pakka i plast og levert på pallar)
    • CCA-impregnert materiale
    • Batteri
    • Lysstoffrøyr, sparepærer og ljospærer
    • Neglelakk og neglelakkfjernar

     

     

    Kva skjer med avfallet?

  • Hageavfall

     

     

    Kva skjer med avfallet?

  • Restavfall

    Avfall som ikkje kan gjenvinnast, t.d. tilgrisa plast, posar m/aluminiumsfilm, vednett, stroppeband, skitne og øydelagde sko og tekstilar, keramikk, porselen, steintøy, krystall, eldfaste former, peisglas, glasruter, bøker med stive permar, oske, støv­sugarposar, Q-tips, bleier, mindre mengder isopor (EPS), m.m. 

     

    Kva skjer med avfallet? Korleis plassere dunken?

  • Tekstil, klede og sko

     

     

    Kva skjer med avfallet?

Indre Hordaland Miljøverk IKS

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Facebook    Instagram

 
IQNet MSYS001 norsk 300