IHM
  • Heim
  • Spørsmål om forbod mot svarte avfallssekker

Spørsmål om forbod mot svarte avfallssekker

Avfallsselskap og kommunar står fritt til å bestemme om dei skal ta imot slike sekker. Ut frå miljø- og tryggleiksomsyn tek IHM sikte på å innføre eit forbod mot bruk av svarte avfallssekker.

Erfaring viser mellom anna at avfall som er forbode å kaste i restavfallet, vert kasta feil. Når avfallssekkene inneheld farleg avfall og litiumbatteri, utgjer dette ein risiko både med omsyn til miljøet ag tryggleiken til dei som sorterer avfallet. Praksisen medfører at det vert vanskeleg for IHM å utføre mottakskontroll i tråd med gjeldande konsesjonar. IHM rår til å gå over til bruk av gjennomsiktige avfallssekker ved levering av avfall. Dersom du har svarte avfallssekker på lager, kan du sjølvsagt bruke opp desse intil vidare.  

 

Indre Hordaland Miljøverk IKS

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Facebook    Instagram

 
IQNet MSYS001 norsk 300