IHM

Ledig stilling: Dagleg leiar

 

Indre Hordaland Miljøverk IKS (IHM) er eit interkommunalt selskap eigd av kommunane Eidfjord, Granvin, Jondal, Ullensvang, Ulvik og Voss. Selskapet arbeider med avfallsløysingar for abonnentar og kundar som innsamling, tilrettelegging av sorteringsordningar, gjenvinning, energiutnytting og sluttbehandling av avfall. Me samarbeider óg med aktuelle aktørar for å vidareutvikle dei naturlege ressursane i regionen. Administrasjonen er lokalisert i Voss kommune. Selskapet vart stifta i 1994 og hadde i 2017 ein omsetnad på 66 mill. kr. Det er 33 tilsette i selskapet.

Dagleg leiar

IHM søkjer ein motiverande og samfunnsorientert dagleg leiar. Du kjem til ein bransje i rask utvikling, der me byr på mange spennande utfordringar innan produksjon, leiing og strategisk tenking. 

Verksemda har fokus på kjeldesortering og materialgjenvinning, og vidareføring og utvikling av nye tenestetilbod til hushaldningar og næringsliv. Du må verea framtidsretta, trygg og tydeleg med god rolleforståing. Dagleg leiar har det samla ansvaret for verksemda sine aktivitetar og rapporterer til styret. 

Arbeidsoppgåver

  • Leie og utvikle selskapet i tråd med mål og strategiar
  • Resultatansvar og resultatstyring
  • Inspirere, motivere og utvikle medarbeidarar
  • Gjennomføring av eigne prosjekt med ansvar for økonomi, framdrift, HMS og kvalitet
  • Byggje gode relasjonar mot kundar og myndigheiter, samt vere aktiv overfor bransjeorganisasjonar
  • Sal- og anbodsarbeid, under dette kalkulasjon og prosjektering
  • Bidra til optimalt samarbeid, kompetanse- og organisasjonsutvikling
  • Ha fokus på marknadsmogelegheiter i regionen og vidareutvikle desse

Kvalifikasjonar – evner:

  • Leiarerfaring
  • Bransjeerfaring
  • Høgare utdanning
  • Prosjektkompetanse
  • Dyktig organisator og planleggjar
  • Fleksibel nok til å få gjennomført planar 
  • Gode samarbeidsevner
  • Målbevisst og handlekraftig
  • God på kommunikasjon, munnleg og skriftleg
  • Tydeleg leiar som evnar å motivere sine tilsette

For fleire opplysningar, kontakt styreleiar Stein Kvarekvål på tlf. 908 58 099 eller rekrutteringsrådgjevar hjå Headvisor; Bjørn Horne tlf. 911 61 390.

Søknad sender du innan 02.01.2019 via dette skjemaet (ekstern lenke). 

 

Indre Hordaland Miljøverk

Bjørkemoen 60, Voss

Postboks 161, 5701 Voss

Telefon 56 52 99 00

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

facebook  instagram

   

Kommunevapen IHM Eidfjord1

Eidfjord

 

Kommunevapen IHM Granvin1

Granvin

 

Kommunevapen IHM Jondal1

Jondal

 

Kommunevapen IHM Ullensvang1

Ullensvang

 

Kommunevapen IHM Ulvik1

Ulvik

 

Kommunevapen IHM Voss1

Voss