IHM
  • Heim
  • Tilpassa sortering

Tilpassa sortering

Inga verksemd er for liten, og inga for stor for å kjeldesortera på arbeidsplassen. Det beste for miljøet er å produsere minst mogeleg avfall. Det kan difor vera fornuftig å gå gjennom innkjøpsrutinane i verksemda.

Inga verksemd er for liten, og inga for stor for å kjeldesortera på arbeidsplassen. Det beste for miljøet er å produsere minst mogeleg avfall. Det kan difor vera fornuftig å gå gjennom innkjøpsrutinane i verksemda. Kjøp berre det som trengs, kjøp god kvalitet, kjøp produkt som kan gjenvinnast og vurder om produkt som inneheld farlege stoff kan erstattast.

Dei fleste verksemder har mengder med papp og papir (kontorpapir, magasin, aviser, kartong og brun papp). Plast vert det og store volum av, særleg folie nytta som emballasje på ulike produkt. Dersom det er kantinedrift eller kjøkken vert det og fort fylt opp av plastemballasje for ulike mat- og drikkeprodukt og av glas - og metallemballasje. Kjøkken medfører og at det vert trong for kjeldesortering av matavfall som kaffigrut, te-posar, restar av mat og frukt. Tørkepapir og serviettar kan gå i matavfallet, dersom det er rimelege mengder

I alle verksemder, sjølv på kontor finst og ein god del elektrisk og elektronisk avfall, lysstoffrøyr, sprayboksar batteri og sparepærer, småelektronikk og større elektriske apparat. Dei fleste verksemder har og farleg avfall som t.d. kjemikaliar, vaskemiddel og liknande. Dette må leverast til godkjend mottak når det vert avfall.

IHM tilbyr gratis rådgjeving til kundar som har behov for gjennomgang av sitt system for avfallshandtering. Ta kontakt – Me hjelper deg med å kartleggje kva avfallstypar verksemda har trong for å sortere, og tilpasse løysingar for di verksemd.

Indre Hordaland Miljøverk IKS

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Facebook    Instagram

 
IQNet MSYS001 norsk 300