Ofte stilte spørsmål
Når huset er lite i bruk, og eg ikkje leverer avfall frå bustaden, skal eg då betale renovasjonsgebyr?
Kva skal til for at eg kan få fritak for renovasjonsgebyret?
Fritak for renovasjonsgebyret kan du berre få etter søknad, dersom bustaden står tom i minst eit år. Dersom du har husvære for utleige kan du og få fritak frå gebyret dersom du går over til å nytta heile huset sjølv. I begge desse høva må avfallsdunkane leverast inn til IHM. For å få fritak må du senda inn ein søknad til IHM. Last ned Søknadsskjema for fritak av ordinær renovasjon. Ver obs på at fritaket ikkje har tilbakeverkande kraft, og IHM må ha søknaden i hende før den termin det vert søkt fritak for.
Kva rabattordningar har IHM?
Kundar som komposterer matavfallet heime får redusert renovasjonsgebyr. Kontakt IHM for avtale.I tillegg til gebyrreduksjonen gjev IHM eit eingongstilskot til kjøp av kompostbinge eller til utstyr til Bokashi med inntil 50 % av innkjøpspris, maks kr 1500,- inkl mva mot dokumentasjon/kvittering.
Hyttegebyr er differensiert etter storleik, veg og straum. Kompostavtale eller tilskot vert ikkje gitt til hytteabonnentar.
Er det rabattordningar for hyttekundar?
Kvar får eg tak i strø til heimekompostering?
Eg er hytteeigar, men nyttar meg ikkje av hytterenovasjonsordninga, treng eg då å betale renovasjonsgebyr?
Kvar kan eg bestilla bosdunkar?
Kva gjer eg dersom dunken min forsvinn eller vert øydelagd?
Kvifor er ikkje boset mitt tømt?
Korleis får eg tak i bioposar?
Bioposar får du tak i dei aller fleste daglegvareforretningar. Les meir om kvifor me tilrår papirposar.
Korleis får eg tak i nye sekkar til innsamling av plastemballasje?
Du kan få sekker til plastemballasje ved å hengja ein lapp på dunken din, godt synleg og skjerma for vêr og vind. Du kan òg få sekker til innsamling av plastemballasje på miljøstasjonen eller på servicetorget i kommunen. Dersom du har hengt lapp på dunken, og det ikkje ligg at sekker til deg, kan dette skuldast at andre kan ha falle for freistinga og teke rullen din med sekker. Det kan òg skje at dei går tomme for rullar på bilen. Ta kontakt med IHM!
Eg leverer boset mitt på miljøstasjonen, kvifor skal eg då betale renovasjonsgebyr?
Miljøstasjonen er ikkje meint for den daglege renovasjonen, men for avfallstypar som det ikkje er ei henteordning for – eller for større mengder avfall som det ikkje er plass til i dunken heime. Renovasjonsgebyret dekkjer òg drifta av miljøstasjonane til IHM.