IHM

To be or not to be

Det er nok eit fåtal som ser samanhengen mellom avfallshandsaming og dei store miljøutfordringane verda står ovanfor i dag.

"To be or not to be"

– That is the question

Det er nok eit fåtal som ser samanhengen mellom avfallshandsaming og dei store miljøutfordringane verda står ovanfor i dag. Det gamle ordtaket: Ute av syne, ute av sinn, gjeld framleis, og helst vil vi verken sjå, lukte eller ha avfall. Samstundes produserer vi meir avfall enn nokon gong, i Noreg heile ti gonger meir enn for 50 år sidan, og dobbelt så mykje som for ti år sidan.

I boka "Søppel" skriv Thomas Hylland Eriksen at avfallshandsaming er eit moralsk, politisk og eksistensielt spørsmål. Det handlar om korleis vi ser på oss sjølv og på jorda, om vi grev problema ned i bakken, som vi alltid har gjort, eller om vi ser på avfallet som ei forlenging av vår eige kropp, og på oss sjølve som delar av eit kretsløp med stor utstrekking i tid og rom. Då vert avfall noko vi ikkje kan skyve vekk og fortrengje utan vidare.

Hylland Eriksen etterlysar ei endring i haldningar og eit nytt ansvar for det vi etterlet oss, for gjenbruk og gjenvinning. Folk bør tenkje meir over avfall av fleire grunner skriv han. Det fyrste er det opplagde omsynet til miljøet. Det andre er at ting er ein del av deg, og når du kastar det, kastar du ein liten del av deg sjølv.

"Søppel" er det ikkje-varige. Difor føreslår Hylland Eriksen ei anna haldning til bos, som går på at ingenting er verdilaust, og at alt kan nyttast! Vidare undrar han seg over at tusenvis av forskarar studerer forbruk, medan nesten ingen forskar på avfall. Det er eit lite mysterium at forbruksforsking er vorte mainstream, medan avfallsforsking er underground.

I tidlegare tider dreia avfallsproblema seg fyrst og fremst om hygiene, stank og sjukdomar, medan vår tids avfallsproblem er resultat av urbanisering og industrialisering.

Utslepp av klimagassar og spreiing av miljøgiftar er alvorlege truslar mot vår sivilisasjon. Skal vi bidra positivt til komande generasjonar, er avfallshandsaminga ei viktig nøkkel.

Indre Hordaland Miljøverk

Bjørkemoen 60, Voss

Postboks 161, 5701 Voss

Telefon 56 52 99 00

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

facebook  instagram

   

Kommunevapen IHM Eidfjord1

Eidfjord

 

Kommunevapen IHM Granvin1

Granvin

 

Kommunevapen IHM Jondal1

Jondal

 

Kommunevapen IHM Ullensvang1

Ullensvang

 

Kommunevapen IHM Ulvik1

Ulvik

 

Kommunevapen IHM Voss1

Voss