IHM
  • Heim
  • Ullensvang til ny renovasjonsordning frå 01.01.2021

Ullensvang til ny renovasjonsordning frå 01.01.2021

kommunevåpen ullensvang

 

Frå 1.1.2021 har ikkje lenger Indre Hordaland Miljøverk IKS ansvar for renovasjonstenesta for hushalds-og hytteabonnentar i tidlegare Ullensvang Herad og Jondal kommune.

Bur du i tidlegare Ullensvang herad eller Jondal kommune må du kontakte Ullensvang kommune om du har spørsmål rundt avfallsordninga.

For spørsmål ta kontakt direkte til Ullensvang renovasjon på tlf 482 78 733 eller e-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

For innbyggarane i tidlegare Ullensvang herad  og Jondal kommune fører dette ikkje til større endringar i tenesta. Du beheld dei dunkar du har og samme kildesorteringordninga.

Tømmedagar vil og vere som før inntil vidare. Tømmekalender for 2021 finn du på nettsida til Ullensvang kommune eller og slik: https://ullensvang.kommune.no/wp-content/uploads/2020/12/T%C3%B8mmekalender-1.pdf

 

Me vil takka alle våre abonnentar i gamle Ullensvang Herad og Jondal kommune for godt samarbeid i åra som har vore og ynskjer Ullensvang Kommune lykke til vidare.

IHM Næringskundar i Ullensvang Kommune:

IHM vil ta seg av næringsavfall i Ullensvang som før. Me vil som før ha full sortering, d.v.s at me har ruter for henting av rest og bioavfall, papp/papir og plast,  samt glas-og metallemballasje. Sjå tømmekalender for rutene i hardanger, rute 5 og 6. Kal_Næring2021-_1_halvår.pdf 

I tillegg kan me henta farleg avfall eller anna avfall som me ikkje kan henta med komprimatorbil med ein skapbil. Er det større mengder avfall, så har me containere i alle storleikar å tilby. Be om pris dersom du har eit behov. Me vil og hjelpa til med rettleiing som gjeld avfall og avfallshandtering.

Indre Hordaland Miljøverk IKS

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Facebook    Instagram

 
IQNet MSYS001 norsk 300