IHM

Ulovleg brenning

Sommaren står for døra, og mange nyttar ferien til å rydde i hus og hage. Ryddeiver er flott så lenge du ikkje brenn avfallet ditt på bålet eller i omnen! Det er nemlig ikkje lov!

Miljøgifter

Skrot og rot som vert samla inneheld ofte miljøgifter. Dersom du brenn trykkimpregnert materiale (CCA) vil både røyk og oske innehalde arsenikk. Tenk på ungane som ofte vert trekt til bålet, eller leiker med den kalde oska. Dette er ei stor helserisiko. Ved brenning av landbruksplast, dekk, hagemøblar og liknande kan det oppstå svært giftige gassar som både kan vere forureinande og helseskadelege. Giftig oske kan og sige ut i elvar og vatn og forureine sårbare økosystem. Røyken frå ordinær bråtebrenning forårsakar og store helseplager for alle som lid av astma og allergi. Den gamle tradisjonen med St. Hansbål er framleis lov, dersom du brenn reint trevirke (Foto: Svein Ulvund). 

Ta kontakt

Dersom du har avfall du vil bli kvitt, og har spørsmål, kontakt IHM. Hugs at ein god del av denne type avfall er gratis å levere på miljøstasjonen. Har du spørsmål om forbodet kan du kontakte IHM eller kommunen din for rettleiing.

Faktarute

Miljøvernmyndigheitene arbeidar generelt for å redusere avfallsmenga som oppstår, auke gjenvinninga og redusere miljøproblema som avfall kan føre med seg. Det vert difor stilt strenge miljøkrav til avfallsanlegg, og vidare krav om at alle må betale det det faktisk koster å få avfall behandla på ein miljø- og ressursmessig forsvarleg måte. Behandling av avfall utanfor dei etablerte ordningane, t.d. ved open brenning, vil bidra til å undergrave arbeidet med å redusere helse- og miljøulempene ved handsaming av avfall. Open brenning eller brenning av avfall i småomnar er ikkje miljømessig akseptable handsamingsmetodar for avfall, og er difor forbode.

Indre Hordaland Miljøverk

Bjørkemoen 60, Voss

Postboks 161, 5701 Voss

Telefon 56 52 99 00

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

facebook  instagram

   

Kommunevapen IHM Eidfjord1

Eidfjord

 

Kommunevapen IHM Granvin1

Granvin

 

Kommunevapen IHM Jondal1

Jondal

 

Kommunevapen IHM Ullensvang1

Ullensvang

 

Kommunevapen IHM Ulvik1

Ulvik

 

Kommunevapen IHM Voss1

Voss