IHM
  • Heim
  • VÅRRYDDEDAGEN, LAURDAG 13 MARS

Strandryddeveka 2021

Rydde i strandsone

 

Strandryddeveka er ein nasjonal miljødugnad i regi av Hold Norge Rent der fleire tusen frivillige ryddar strender, øyer, holmar og havbotnen langs kysten så vel som langs bekker, elvar og innsjøar i innlandet.

Du kan rydde heile året, men i 2021 er Strandryddeveka mellom 11. og 19. september.

SLIK VERT DU EIN DEL AV STRANDRYDDEVEKA:

1. Planlegg kvar, når og med kven du vil rydda. Planlegg ryddeaksjon på https://ryddenorge.no/

2. Tenk på avfallshandtering før du ryddar. Ta kontakt med IHM før ryddeaksjonen.

3. Ta med hanskar, sekk eller pose ut og plukk søppel. Du kan og ta kontakt med IHM og me kan bidra med sekkar/hansker.

4. Del gjerne bilde og filmar med holdnorgerent.no  på sosiale medier.

5. Ønskjer du råd frå erfarne ryddarar kan du ta kontakt med ditt lokale ryddemiljø for meir informasjon. https://holdnorgerent.no/kunnsk.../lokalekontakterognettverk

6. Har du hatt utgifter i forbindelse med rydding? Du kan søkje refusjonsordninga for maritimt avfall. https://holdnorgerent.no/.../refusjonsordningen-fa...

7. Ta omsyn til smittevern og følg lokale restriksjonar i ditt område.

På førehand takk for innsatsen og for at de bidreg til å halde naturen rein!☘️🌿🍁🌾🌏

Indre Hordaland Miljøverk IKS

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Facebook    Instagram

 
IQNet MSYS001 norsk 300