IHM

Vårrydding - laurdagsope og mottak hageavfall

Tid for vårrydding! Sjå kva du eller andre kan gjenbruke, og hugs kjeldesortering. Du tek vare på ressursane i tillegg til å spare energi og uttak av jomfruelege råvarer. Sjå når det er laurdagsope, når du kan levere hageavfall og kva IHM kan bidra med om du vil arrangere ryddedugnad:

 

Laurdagsope:

Desse miljøstasjonane held laurdagsope i vår:

Voss, 27. april og 4. mai kl. 9 - 14

Jondal, 27. april og 4. mai kl. 10 - 14

Eidfjord, 4. mai og 11. mai kl. 10 - 14  

HAGEAVFALL:

Hageavfall kan du levere på miljøstasjonane i opningstida f.o.m. veke 15 t.o.m. veke 25.

Du kan levere hageavfall heile året til avfallsmottaket på Voss. Opningstider: mån-ons og fre kl 0800-1530, tors kl 0800-1800.

RYDDEDUGNADER:

Om du ønskjer å arrangere ryddedugnad, kan IHM bidra med sekker til innsamling av plastemballasje, og blanke sekker til restavfall. Dette kan du hente på miljøstasjonen i opningstida. Ikkje gløym kjeldesortering, slik at mest mogeleg avfall kan gå til gjenvinning. Avfall frå ryddedugnader, kan du (lag, fereiningar, organisasjonar, skular og barnehagar) levere gratis på miljøstasjonen i din kommune. Ta kontakt med IHM, tlf. 56 52 99 00, dersom større ryddedugnader er planlagt, og ein treng container, kontakt IHM for avtale.  



 

Indre Hordaland Miljøverk

Bjørkemoen 60, Voss

Postboks 161, 5701 Voss

Telefon 56 52 99 00

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

facebook  instagram

   

Kommunevapen IHM Eidfjord1

Eidfjord

 

Kommunevapen IHM Granvin1

Granvin

 

Kommunevapen IHM Jondal1

Jondal

 

Kommunevapen IHM Ullensvang1

Ullensvang

 

Kommunevapen IHM Ulvik1

Ulvik

 

Kommunevapen IHM Voss1

Voss