IHM

Vegen vidare for avfallet

Å ta vare på ressursane i avfallet er ein viktig del av IHM sin filosofi. IHM tok hand om nær 22 885 tonn avfall i 2017. Avfall til deponi med < 10 TOC utgjorde 6 904 tonn, medan avfall til materialgjenvinning var om lag 7 352 tonn og avfall til energiutnytting utgjorde om lag 8 629 tonn. I 2017 tok IHM imot om lag 4 627 tonn med lett forureina jordmassar som vart lagt på deponi.

papir   Papp og papir (11%)

Vert levert til Norsk Gjenvinning i Bergen og Norske Skog sitt anlegg i Skogn. Norske Skog er verdas nest største produsent av avispapir og verdas tredje største produ­sent av magasinpapir. Selskapet har hovudkontor i Noreg og fabrikkar i 14 land over heile verda. Produksjonskapasitet på cirka 6,5 millioner tonn papir i året.

skrapmetall   Metall (8%)

Vert levert til Norscrap West på Hanøy­tangen, Askøy. Vidare til ulike smelteverk, m.a. Fundia i Mo i Rana og til eksport.

Vegmassar (2%)

Vegmassar

plast   Plast (3%)

Avtale med Materialreturselskapet Grønt Punkt Norge (GPN). Plastemballasjen vert levert til Swerec i Sverige og til Folldal Gjenvinning (landbruksplast og folie). Plastemballasjen vert sortert i 6-7 ulike plasttypar (optisk sortering). GPN garanterer at 75% av den innsamla plasten går til materialgjenvinning, og vert til nye produkt som møblar, leiker, fleece-klede, bereposar m.m. Plast av dårleg kvalitet erstattar olje og kol som brensel i industrien. Isopor vert levert til eit anlegg på Stora, og vert til plastprodukt som bygningsartiklar, hagemøblar, kule­pennar, CD- og PC-deksel.

glas,metall   Glas (3%)

Vert levert til Syklus glass- og metallgjenvinning. På Onsøy utanfor Fredrikstad, driv Syklus eit av verdas mest moderne anlegg for gjenvinning av glas- og metallemballasje. Gjenvunne glas vert råstoff til ny glasemballasje og nye produkt som glava isolasjon, glasopor, skumglas og glasbetong. Resirkulert metall og aluminium vert selt til smelteverk i Noreg eller eksportert, og vert til fly-, bil-, og sykkeldelar, spikar, binders, hermetikkboksar og andre produkt av metall. Råstoffet har same høge kvalitet som heilt nytt materiale.

ee-avfall   Elektronisk avfall (4%)

Vert levert til Materialreturselskapet RENAS og til ERP Recycling. Produkta vert demontert, og miljøgiftene vert tekne hand om på forsvarleg vis. Kjøleskåp vert tappa for drivhusgass, metall som kopar, gull, sølv og palladium vert seld som nye råvarer. Plasten vert sendt til materialgjenvinning eller energiutnytting. Rundt 85% av det behandla avfallet går til materialgjenvinning eller ombruk. Lysstoffrøyr går til anlegg for elektronikkgjenvinning der kvikksølv, bly og andre tungmetall vert fjerna, og sendt vidare til gjenvinning.

Anna.png   Anna (2%)

Fretex sitt mottaksanlegg i Bergen (mindre mengder som ikkje blir vist i diagrammet).

Restavfall.png   Restavfall (39%)

Restavfall som vert samla inn vert sendt med vogntog til forbrenningsanlegg med energiutnytting i Sverige og Noreg.

Trevirke.png   Trevirke (13%)

Vert levert til energiutnytting, for det meste til Sverige.

Hageavfall.png   Hageavfall (15%)

Hageavfall kan du enkelt kompostere i din eigen hage, men kan òg leverast til miljø­stasjonen. Hageavfallet vert til kompost og jordforbetringsmiddel.

Indre Hordaland Miljøverk

Bjørkemoen 60, Voss

Postboks 161, 5701 Voss

Telefon 56 52 99 00

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

facebook  instagram

   

Kommunevapen IHM Eidfjord1

Eidfjord

 

Kommunevapen IHM Granvin1

Granvin

 

Kommunevapen IHM Jondal1

Jondal

 

Kommunevapen IHM Ullensvang1

Ullensvang

 

Kommunevapen IHM Ulvik1

Ulvik

 

Kommunevapen IHM Voss1

Voss